Hopp til innhold
Meny

Vinter FjordSafari

Vis kart

Opplev Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og den vesle bygda Undredal om vinteren!

Turen går frå Flåm og tek deg inn den imponerande Nærøyfjorden. Undervegs vert det fleire stopp der guiden fortel om det rike dyrelivet i området, den særeigne naturen og kulturhistoria til dei små bygdene og gardane me passerer. Fossane har frose til is, fjorden er blank og snøen ligg som glasur på dei bratte fjella.
På vegen tilbake frå Nærøyfjorden går me i land på brygga i Undredal. Bygda ligg idyllisk til nede ved fjorden, omringa av høge fjell.
I Undredal går me opp i den vesle nærbutikken der me blir me tekne imot av Leif Inge som gir oss noko varmt å drikka og fortel om korleis det er å bu i denne vesle bygda. Undredal er kjent for sin gode geitost og hjå Leif Inge kan du både få smaka og kjøpa med deg den lokale geitosten.

Bekledning og utstyr: Du får utdelt flytedrakter, luer, vottar, briller og overtrekk sko. Me gjer deg merksam på at du må kle deg godt med ull eller fleece og ha varme og komfortable sko på. Dersom du ikkje er godt nok kledd får du tilbodet om å leiga ekstra bekledning for at du skal få ein god og komfortabel oppleving.

Oppmøte og påkleding 30 minutter før avgang: 11:15

Varigheit: 2,5time

Show more

Om denne aktiviteten

  • Telefonnummer (Booking)
    +47 57631400
  • Prisinformasjon
    per person
Hotell

Fretheim Hotel

Avstand: 139 meter
Sentralt i Flåm, innerst i Sognefjorden, finner du eventyrlige vakre Fretheim Hotel. Det spøker alltid på historiske hotell, så Fretheim Hotel har mer å by på enn overnatting!
Pensjonat

Heimly Pensjonat

Avstand: 174 meter
Heimly er et sjarmerende pensjonat, med enkel standard og fantastisk utsikt. Pensjonatet har 22 rom, en fredelig hage og nyoppusset restaurant med utsikt mot fjorden.