Hopp til innhold
Meny

Trugetur ved Stegastein Utsiktspunkt

Dato: Onsdag 26 des 2018 - søndag 31 mar 2019 Vis kart

Opplev fjorden frå eit fugleperspektiv og nyt vinterlandskapet på truger!

Turen byrjar med ein køyretur i minibuss langs Aurlandsfjorden og opp til det fantastiske utsiktspunktet Stegastein, 650 meter over havet. Før avreise får ein utdelt passande klede for tur i vinterfjellet. Undervegs fortel guiden om livet på fjellgardane som ein vil sjå langs vegen opp mot Stegastein, og ein ser plassar der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Vel framme gjer ein seg klar for trugetur. Ein får ei innføring i korleis gå på truger, og ein får høyre om historia bak trugene. Undervegs fortel guiden om den dramatiske naturen, vinteren ved fjorden, og om den særeigne kulturen i området. Undervegs passerar ein utsiktspunkt der ein kan sjå fjorden mot den vesle bygda Undredal, innover til Flåm og alle dei høge fjelltoppane som omkransar den djupe fjorden under oss. Ved vendepunktet på turen får ein servert noko varmt å drikke, og ein får moglegheit til å nyta den unike stillheita i naturen. Turen på truger tek om lag 1-1,5 time. Før ein køyrer tilbake til Flåm, blir det eit stopp ved utkikkspunktet Stegastein. Der blir tid til å ta bilete og nyte den storslegne utsikta over fjordlandskapet. Turen passar for alle og krever ingen erfaring.

Oppmøte på kaien i Flåm 20 min. før avreise.

Vis mer

Bestill nå

Startdato:
Aktivitet Totalpris
Loading

Om denne aktiviteten

  • Telefonnummer (Booking)
    +47 57631400
  • Telefonnummer
    +47 57633323
  • E-post
  • Pris fra
    775 NOK
  • Prisinformasjon
    per person
Hotell

Fretheim Hotel

Avstand: 139 meter
Sentralt i Flåm, innerst i Sognefjorden, finner du eventyrlige vakre Fretheim Hotel. Det spøker alltid på historiske hotell, så Fretheim Hotel har mer å by på enn overnatting!
Pensjonat

Heimly Pensjonat

Avstand: 486 meter
Heimly er et sjarmerende pensjonat, med enkel standard og fantastisk utsikt.Dette sjarmerende pensjonatet har 20 rom, en fredelig hage, TV-stue og et frokostrom med utsikt over fjorden. Passer for familier og de som reiser...
Bo

Vintereventyr i Fjord Norge

Avstand: 33,7 km
I Myrkdalen bur du godt på Myrkdalen Hotel, med ski inn / ski ut tilkomst til skisenteret. Hotellet har to barar, leikerom for borna og tre restaurantar. I Flåm bur du på historiske Fretheim Hotel, med barar, bibliotek og restaurant som har nydeleg utsikt over fjorden og fjella rundt.