Opplev heile verdsarvområdet Nærøyfjorden og bli med på ostesmaking i geitebygda i Undredal!
Nyt den storslagne vestnorske naturen frå våre opne RIB-båtar når me tek deg med på ein guida tur på Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden. Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med våre kunnskapsrike guidar. Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden samt at guiden deler lokale historier og segner frå området, medan me speidar etter sel, nise og ørn undervegs. På veg attende til Flåm stoggar me i bygda Undredal som er kjend for sin smaksrike og prislønna geitost. Her møter me vår lokale vert som fortel om geitosten og tradisjonar rundt emnet, og me får smaka ulike lokale ostevariantar med tilbehøyr.
Finn du din favoritt er det mogleg å kjøpa med seg ost frå Undredal.
Bestill nå
Aktivitet | Totalpris |
---|
Om denne aktiviteten
-
Telefonnummer (Booking)+47 57631400
-
Prisinformasjonper person