Hopp til innhald

Om Norway's best

Historia om fjordbygda som blei eit av verdas mest populære turistmål og som no blir ein sterk nasjonal reiselivsaktør.

Flåm er ei vakker bygd inst i flotte Aurlandsfjorden, ein fjordarm til Sognefjorden. Dette er historia om korleis Flåm vart eit av verdas mest attraktive turistmål og no vil etablere seg som ein tung, nasjonal reiselivsaktør gjennom merkevara Norway’s best.

Frå nedlegging til cruisekai

Det heile byrja med ein sliten og bratt jernbanestrekning, kalla Flåmsbana, som NSB ville leggje ned. Dei gamle vognene gjekk frå fjordbygda Flåm til Myrdal, 867 meter over fjorden, og tilbake igjen. Utan særleg mange passasjerar, bortsett frå i nokre hektiske sommarveker.

Aurlendingane ville ikkje ha noko av ei nedlegging av verdas vakraste jernbanestrekning. I 1997 gjekk lokale krefter saman og fortalde NSB at dei ynskja å overta det marknadsmessige og økonomiske ansvaret for Flåmsbana, og drive den som ein turistjernbane. NSB gjekk med på avtalen under føresetnad av at dei fekk dekka sine kostnader, samstundes som dei krevja bygging av ein cruisekai og eit stort hotell, for å få meir trafikk til Bergensbana til og frå Myrdal.

 

Byrjinga på ei suksesshistorie

Flåm Utvikling og Aurland Ressursutvikling vart oppretta for å organisere satsinga. Selskapet kjøpte Fretheim Hotel i Flåm sentrum, utvida med 88 rom og byrja å utvikle Flåm til ein attraktiv stad for turistar å besøkje. Kommunen tok investeringa til cruisekai gjennom næringsfondet. Seinare vart Flåm AS etablert for å sikre ei heilskapleg internasjonal marknadsføring av bygda.

Det var byrjinga på ein imponerande suksesshistorie, med Flåmsbana som ei viktig og svært lønsam kjerneverksemd.

Ein reiselivskommune i vekst

I 2019 var det langt over ein million turistar som besøkte Flåm, frå 172 ulike land. Gjestene kjem til Flåm på mange ulike måtar, både til lands og til vanns.

Reiselivsomsetjinga i Aurland kommune har vakse frå 80 millionar kroner i 1998 til nærare ein milliard kroner i 2019. Sju av dei ti største selskapa i Aurland er knytt til reiseliv. Den store veksten konsernet har hatt har bidrege til vekst i tal sysselsette og innbyggjarar i Aurland kommune.

Flåm sin suksess er godt kjend i norsk reiselivsindustri. Premissgjevar for at ein har lukkast er lokalt engasjement, spektakulære attraksjonar og ein heilskap som sikrar reisemål og heilårsdrift. I Norge er vi heldige som har ein så fantastisk natur. Det ligg eit kjempepotensial i norsk reiselivsbransje, men også eit stort behov for profesjonalisering og berekraftig organisering.

 

Siste utvikling

Våren 2020 fusjonerte Myrkdalen Fjellandsby med Aurland Ressursutvikling og vart ein av del av familien. Samstundes opna eit nyoppussa Hotel Aurlandsfjord som selskapet tok over året før. Hausten 2020 vart selskapet medeigar i Arctic Train i Narvik, for å styrke den nasjonale satsinga ytterlegare.

Nasjonal satsing med ny merkevare

For internasjonale gjester som besøkjer Norge vert det stadig vanlegare at dei ynskjer å planleggje reisa si sjølv. Det er ikkje alltid like enkelt. Attraksjonane dei vil oppleve kan liggje langt frå kvarandre, tog-, båt- og bussforbindelsar er dårleg synkronisert og føreset ofte at ein kan norsk. Mange ynskjer også råd om kva opplevingar som er verd å oppsøkje og når det er best å koma.

Slik såg Norway’s best dagens lys. Gjennom merkevara Norway’s best skal Norway’s best AS bidra til å utvikle norske kvalitetsreisemål og reiselivsprodukt, og marknadsføre og selje desse over heile verda.

Norway’s best skal bli ei sterk og leiande norsk merkevare i den internasjonale reiselivsmarknaden, kjend for sin sterke produktportefølje av spektakulære naturbaserte opplevingar. Auka internasjonal distribusjonskraft og tydelegare nasjonal posisjon vil gje auka trafikk til alle dei utvalde reisemåla.

 

Norway’s best vil gje den beste reiseopplevinga

I tillegg til Flåm, vil Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lysefjorden, Hardanger, Hjørundfjorden, Lofoten og Narvik vera ein del av Norway’s best frå starten. Ytterlegare reisemål og reiselivsprodukt vil bli inkludert i månadene og åra framover.

Norway’s best vil gje sine gjester den best moglege opplevinga når dei vel å besøkje Norge. Då vil dei ikkje berre besøkja oss igjen, men også anbefale familie, vener og kjende om å gjere det same.