Hopp til innhald

The Arctic Train på Ofotbanen: 10 historiske fakta

Ei togreise med The Arctic Train langs den 42 kilometer lange Ofotbanen er ikkje berre ein tur med utsikt til fantastisk arktisk natur. På turen mellom Narvik og den svenske grensa får du oppleva industrihistorie, rallarhistorie og ikkje minst Narvik si spanande krigshistorie på nært hald. Les vidare og få meir ut av togturen.

1. Historia til Ofotbanen startar med Golfstraumen

Dei rike jernmalmfelta i nord-Sverige vart oppdaga allereie på 1600-talet. I dei neste hundreåra var det berre eit stort problem: korleis få frakta dette ut av den lapplandske audemarka? Lenge prøvde dei seg med reinsdyr og båt på innsjøar og elver. Når jernbanen ble oppfunnen på 1800-talet byrja ein å sjå på løysingar i retning Bottenvika og Østersjøen. Problemet her var berre at sjøen her frys til is om vinteren.

Langs norskekysten derimot, gav varmen frå Golfstrømmen isfrie hamner. Mellom anna i Ofotfjorden utanfor det vi i dag kjenner som Narvik. Husk at Norge og Sverige på den tida var i union.

2. Jernbaneprosjektet starta av engelskmenn

Britane fatta tidleg interesse for dei svenske malmførekomstane og investerte i både gruver og jernbaneprosjekt. Dei byrja fyrst i retning Østersjøen, men fekk i 1882 konsesjon til å byggje i retning Ofotfjorden og hamna dei kalla Victoriahavn etter den britiske dronninga. The Swedish and Norwegian Railway co Ltd. gjekk etter kvart konkurs, men dei rakk å bli ferdig med delar av jernbanetraseen og å sporlegge 8 km på norsk side.

Norsk og svensk regjering vedtok i 1898 å fullføre jernbanen, som skulle bli eit av dei mest ekstreme anleggsprosjekta i norsk historie.

3. Det tøffe rallarlivet

I tida før 1900 var det mange jernbaneprosjekt i sving og mykje av jobben vart gjort for hand. Både ingeniørar og arbeidsfolk ble henta inn til Ofot-området. Rallarar var omreisande anleggsarbeidarar, ofte frå Sverige, som hadde ei sentral rolle i bygginga av fleire jernbanestrekningar, også Ofotbanen.

Landskapet og klimaet gjorde Ofotbanen spesielt tøff, og det var ikkje kven som helst som kunne jobba her. Dei måtte tåla sterk kulde, mørke og vinterstormar. For å enklare kunne frakte materialar opp i fjellet, var første del av arbeidet å anlegga en transportveg frå Rombaksbotn ved Rombakfjorden til den svenske grensa. Dette kjenner vi også til frå bygginga av Bergensbanen på omlag same tid. Begge stader var rallarane sentrale og fekk anleggsvegane ble oppkalla etter seg. Rallarveien går langs Ofotbanen, medan Rallarvegen er knytt til Bergensbanen.

4. Rombaksbotn – byen som blei til og forsvann på 5 år

Før jernbaneprosjektet starta budde det berre nokre få folk i Rombaksbotn, som dreiv tradisjonelt med fiske på vinteren og jordbruk på sommaren. Frå 1898 vart roen broten for fiskebøndene når brakker og hus for ingeniørar og rallarar vart bygd på den store flaten i enden av fjordarmen.

Det dukka blant anna opp hotell, landhandel, bakeri og kjeglebane. Rallarane hadde pengar å bruke, så to systrer såg sitt snitt til å opne bordell. Kvinner vart verva med løfter fine kjolar i det de gjekk i land på kaien. Lensmann og fengsel kom det også.

På det meste budde det mellom 500 og 700 personar i Rombaksbotn. Ein stor brann etter at jernbanen var ferdigstilt etterlet Rombaksbotn med berre ein av landets kortaste og merkelegaste byhistoriar tilbake. I dag står berre grunnmurane att.

5. Victoriahavn vert til kjøpstaden Narvik i 1902

Området britane kalla Victoriahavn var også berre nokre få gardsbruk før jernbanen kom. I 1901 vedtok stortinget å etablere ein kjøpstad her og gav den namnet Narvik. Byen vart grunnlagt i 1902, same år som Ofotbanen stod ferdig.

6. Verdas augo var retta mot Narvik i tida før 9. april 1940

Nær 40 år seinare var Ofotbanen internasjonalt kjent for malmtransporten. Andre verdskrig er i gong og medan Norge framleis er nøytral har både Tyskland og dei allierte augene retta mot Narvik. Mellom anna følgde New York Times situasjonen nøye. Jern trengs til produksjon av alt frå våpen til fly og difor spesielt verdifullt i ein krigssituasjon.

7. Ein stor skipskyrkjegard

Ein landgang i Narvik var eit strategisk ledd i Tyskland sitt angrep på Norge. Dei tyske styrkane kom seg i land den 9. april 1940 etter å ha gått under radaren på britiske krigsskip og senka to norske panserskip. 10. og 13. april var det store sjøslag mellom britiske og tyske jagarar i fjorden utanfor Narvik. Det ende med at heile den tyske flåten på 10 skip vart senka, medan britane gjekk sigrande ut med berre skada skip. Slik enda fjorden opp som ein stor skipskyrkjegard, og restar av den tyske jagaren Georg Thiele stikk framleis opp av Rombaken nedanfor jernbanen.

8. Brua som ikkje kunne sprengast

Då Ofotbanen vart bygd vart den 40 meter høge brua over Norddalen, Norddalsbrua, prefabrikert i Tyskland og designa spesielt med tanke på situasjonar som den dei nå fann seg i. Med sprengkammer langs sidene på brua skulle den kunne sprengast i ein krigssituasjon. Når det no gjaldt, viste det seg at kammera var frosne og brua vart ståande.

I 1988 ble jernbanen lagt utanom Norddalsbrua, men ein kan framleis sjå den frå toget ved Søsterbekk stasjon.

9. Kampen om Narvik varte i 62 dagar

Allereie på morgonen den 9. april tok norske styrkar seg langs Ofotbanen til Bjørnfjell ved svenskegrensa for å sikre jernbanen. I løpet av dei neste to månadane vert det kjempa fleire store kampar, og dei allierte bidrog med landstyrkar frå Polen og Frankrike i tillegg til Storbritannia. Dei tyske styrkane vart isolert langs grensa, men fekk forsterkningar via fly og svensk jernbane. Den 28. mai 1940 gjenerobra dei allierte Narvik by, men allereie tidleg i juni måtte dei evakuerast på grunn av situasjonen på kontinentet. Sør-Norge hadde allereie kapitulert, og den 10. juni var dette eit faktum også i Narvik.

Kampen om Narvik varte i 62 dagar og kravde 8.500 menneskeliv.

10. Ofotbanen har frakta over 1 milliard tonn jernmalm

Dagleg går det 10-12 malmtog på strekninga. Kvart tog har 10 vogner som alle tar 100 tonn malm kvar. Det blir nok jern til 68.000 bilar! Ikkje rart dei må bruke dei sterkaste lokomotiva som finns. I løpet av dei nær 120 åra banen har vore i drift har den frakta over 1 milliard tonn jernmalm.

I tillegg til malm, vert 90% av daglegvareforsyninga frå Sør-Norge til Nord-Norge frakta med godstog via Sverige til Narvik.

Heilt frå Bjørnfjell Stasjon opna i 1925 har området vore ein ynda stad for turlystne lokale, noko som er litt endå enklare med The Arctic Train. Visste du at det berre er 15 kilometer å gå Norge på tvers frå Riksgränsen til Rombaksbotn? Ein kan og gå ein kortare tur frå Katterat Stasjon ned til restane av den ein gong så livlege byen ved fjorden.