Flåm byr på aktivitetar for alle. Av og til er det nesten vanskeleg å velje dersom ein berre har ein dag til rådvelde. Vi har derfor sett saman det perfekte dagsprogrammet for deg som ynskjer å oppleve ein actionfylt dag i Flåmsdalen med ei av dei flottaste togreisene i verda, Flåmsbana. Utfordre deg sjølv med Flåm Zipline og utforsk spektakulær natur på nært hald på sykkelsetet ned Rallarvegen.

Flåmsbana
Med Flåmsbana, den brattaste og vakraste togreisa i verda, stig du frå null til 867 meter over havet på ein time, gjennom spektakulære Flåmsdalen. Reisa, som startar i Flåm og endar i Myrdal, tek deg gjennom mektige fjell, frodig natur og brusande fossar med bratte fall. Kjosfossen, Kårdalsfossen, Rjoandefossen og Brekkefossen. Toget har eit kort stopp ved Kjosfossen, der du kan gå ut og ta bilete på nært hald.
Bestill no
Periode: Frå 01.05.–10.10. 2021
Ordinær pris vaksne/born : Frå kr. 1530,- / Frå kr. 1115,- per person
Kampanjepris vaksne/born: Frå kr. 1349,- / Frå kr. 999,- per person
Kampanje gjeld berre online bestilling
- Flåmsbana til Vatnahalsen
- Nordens lengste Zipline
- Leigesykkel Kårdal–Flåm (Rallarvegen)
Merk! Viktig å velje Zipline-avgang som korresponderer med tidspunktet Flåmsbana er på Vatnahalsen, då Zipline-billett varer i 1 time
Lengd: 3–6 timar
Syklar: Skal leverast ved kaien mot Flåm Marina innan kl: 20:00

Flåmsbana - fakta
- Lengd på Flåmsbana 20,20 km
- Høgdeforskjell 863,5 m
- Høgastliggjande stasjon 865,5 m over havet
- Lågastliggjande stasjon 2,0 m over havet
- Brattaste stigning 55 ‰ – 1:18
- Strekning > 28 % 16 km – -79,3 %
- Min. kurveradius 130 m
- Sporvidd 1435 mm
- Spenning 15 000 V – 16 2/3 Hz
- Maks. fart, km/t 40 km/t
- Køyretid 60 minutt
- Tunnelar 20
- Bruer 1
- Vasstunnelar 4
- Haldeplassar 8
Flåm Zipline - praktisk info
- Minimumsvekt 25 kg.
- Maksimalvekt 140 kg.
- Ikkje tillate å vere rusa.
- Helse: Er du gravid, har rygg-, nakke-, hjarte-, lungeproblem, epilepsi eller andre sjukdomar som kan føre til anfall, bør du sjølv vurdere om det er forsvarleg å ta ziplinen.
- Ved dårleg vêr kan ziplinen av tryggingsårsaker stengjast.
- Syklar og større bagasje kan sendast ned med heisen utan ekstra kostnad.
Flåm Zipline - fakta
Nordens lengste zipline: 1381 meter
Toppfart: Omtrent 100 km/t
Høgdeforskjell: 305 meter
Rallarrosa Stølsysteri
Adrenalinet pumpar framleis når du 'landar' ved Rallarrosa Stølsysteri i enden av ziplinen. Bruk tida her til å dele opplevinga med andre, og senk pulsen med velsmakande ost, snacks, eit lett måltid og drikke medan du tek inn dei fantastiske omgjevnadene.
Her ystar dei brun og kvit tradisjonsost av fersk, rå geitemjølk. Geitene på stølen kjem frå Sogn Jord- og Hagebruksskule og Dalsbotten, ein gard om lag 10 km lenger ned i dalen.