Vi har endra namn
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Opplev den spektakulære utsiktsplattforma Stegastein, 650 meter over Aurlandsfjorden. Bestill sightseeingtur med panoramautsikt frå Flåm til Stegastein her!
Dette er ein flott sightseeingtur som du bør få med deg når du er i Flåm! Buss frå Flåm via Aurland til det eineståande og iaugefallande utsiktspunktet Stegastein. Bygget heng 30 meter ut frå fjellsida, 650 meter over fjorden, og byr på eit panorama utan sidestykke. Ei meir fantastisk utsikt over fjorden, fjella og det flotte fjordlandskapet skal du leite lenge etter.
Periode: Frå mandag 15.10.2020 til 01.05.2021 vil alle avgangar være stengt
Grupper: Bestilling er tilgjengeleg på forespørsel for grupper på 5 eller fleire i periode 01.03.-30.04.2021. Vennligst ta kontakt med Kundesenter i Flåm
Rutetider: Buss Stegastein 2021.pdf
Tiltak og dokumentasjon av smittevern under COVID-19
NHO Transport - Veileder smittevern buss
På toppen av verda
Utsikta tek pusten frå dei fleste, og er ein perfekt stad for gode feriebilete. Stegastein er eit av dei mest fotograferte utsiktspunkta i regionen.
Stegastein utsiktspunkt er ein del av Nasjonale turistvegar frå Aurland til Lærdal, populært kalla Snøvegen. Utsiktspunktet er designa av Todd Saunders og Tommie Wilhelmsen, og blei fullført i 2006.
Det finst audioguide på NO, EN, DE, ES, IT og FR.
I 2015 fikk toalettet på Stegastein i Aurland prisen "Most Beautiful Toilet" frå Design Curial Magazine.