Vi har endra namn
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Gå om bord og slapp av! La utsikten gli forbi utanfor medan toget beveger seg gjennom spektakulære landskap. Å reise med tog er en flott måte å sjå og utforske ein ny stad. Vi tilbyr to unike togturar: den verdsberømte Flåmsbana på Vestlandet og The Arctic Train på Ofotbanen i Nord-Norge. Begge går gjennom tøff natur der det nesten verkar umogleg å bygge ein jernbane. Velkommen om bord og lær meir om nokon av dei tøffaste ingeniørprosjekta i historia.
Utforsk den verdskjente Flåmsbana. Den slåande turen frå fjella ved Myrdal stasjon ned til Flåm inst i Aurlandsfjorden vert rekna som ein av verdas vakraste togreiser, og bør opplevast minst ein gong i livet.
Velkomen til Norges nordlegaste jernbanestrekning. Ei reise gjennom eit unikt, røft landskap og historiske hendingar. The Arctic Train opererer på den 43-kilometer lange Ofotbanen, mellom Narvik og svenskegrensa.
Ei reise med Flåmsbana, som er kåra til ei av verdas vakraste togreiser opptil fleire gonger, er eit must om ein er i området. Lat deg fascinere av den frodige Flåmsdalen og det utrulege ingeniørarbeidet på turen mellom Flåm og Myrdal. Kombiner gjerne med Flåm Zipline, ein fjelltur eller ein sykkeltur tilbake til Flåm.
Ta del i den spanande historia knytt til Ofotbanen på ei reise med The Arctic Train. Norges nordlegaste jernbane byr på spektakulær arktisk natur og interessant historie frå både jernbanebygginga og Andre Verdskrig. Bruk toget til å kombinere eit besøk i Narvik med opplevingar i Riksgränsen i Sverige.